Ja, kor blei det av oss?

I siste nummer av Kommunikasjon, medlemsbladet til Norsk kommunikasjonsforening, samlar forelesar og studieansvarleg Per Robstad trådane etter at over 500 kommunikatørar er utdanna på Rena.

Per Robstad (bildet) viser til undersøkinga han gjennomførte i forkant av Alumnikonferansen 2004, der han rett og slett spurte: Kva har det blitt av oss?

Av 515 tidlegare studentar, klarte han, blant anna ved hjelp Excellence-nettverket, å finne fram til 335 av oss.

Robstad skriv at sju av ti har fått seg jobbar innan informasjon & samfunnskontakt, og at for 69 prosent er informasjonsutdanninga på Rena ’ganske relevant’ for jobben.

Internett er ein sentral del av manges arbeidsoppgåver, og nesten ein tredjedel av dei spurte er web-redaktørar. Like mange fortel at det internkommunikasjon og intranett som er hovudarbeidsoppgåver. Tradisjonelle oppgåver som skriving og mediekontakt dominerer også.

Heile 97 prosent har lyst til å fortsette karriera innan faget, og 80 prosent seier at dei kunne tenkt seg å vidareutdanne seg innan informasjon & samfunnskontakt.

Robstad fikk og ein del tilbakemeldingar på kva et relevant informasjonsstudie bør innehalde: Opplæring i praktiske ferdigheiter, blant anna nettpublisering, men også innan skriving og utforming og formulering av effektive budskap.

Per Robstad
Foto: Kommunikasjonsforeningen

Som eit siste punkt, spurte Robstad om studentane har hatt kontakt med kvarandre etter at dei kom ut i arbeidslivet. Og selvfølgeleg blir Excellence-nettverket trekt fram her… Heile 90 prosent av dei spurte held fortsatt kontakten med gamle studiekameratar.

Les heile artikkelen på side 15 i Kommunikasjon 5/05

Av: Ove Helset ( 13.10.2005 )